Praksiseksempel: Det utvida tekstomgrepet
I ein 9. klasse skal elevane for fyrste gong arbeide med samansette tekstar som tema. Lærarane viser bilete av Husk bilbelte-skiltet på tavla og tar utgangspunkt i omgrepa motiv (tekst, bilete og medium), tema og bodskap i eit kolonnenotat, som støtte for elevane til å bryte opp, analysere og tolke den samansette teksten.
Image

Image

Diskuter i små grupper:
- Kva for fagkunnskapar treng elevane for å analysere og forstå komplekse, samansette tekstar?
Les og bruk fagteksten «Å produsere, analysere og vurdere samansette tekstar» som støtte i diskusjonen. Teksten gir døme på kva for spørsmål ein kan stille for å undersøke og produsere samansette tekstar. Studer gjerne andre samansette tekstar de har tilgjengeleg medan de diskuterer, som læreboka eller nettressursar.
Document
Samansette tekstar - Å produsere ....pdf
(318.01 KB)