Diskusjon: Det utvida tekstomgrepet

I fagfilmen kjem det fram korleis ein kan sjå på tekstar som samansette, og som norsklærarar veit vi kor krevande tekstmøtar kan vere for elevane. I læreplanen står det at faget «skal styrke elevenes evne til kritisk tenkning og skal ruste dem til å delta i samfunnet gjennom en utforskende og kritisk tilnærming til språk og tekst. Norskfaget skal gi elevene litterære opplevelser og mulighet til å uttrykke seg kreativt og skapende» (LK20).

Å arbeide med samansette tekstar i klasserommet kan sjåast i samanheng med skildringar frå fleire av kjerneelementa i norskfaget, som Kritisk tilnærming til tekst, Skriftleg kommunikasjon og Tekst i kontekst. Møtet med samansette tekstar handlar altså både om å la elevane lese, analysere og tolke tekstar, og å la dei skape eigne produkt og grunngje val dei tar i tekstane sine.

Diskuter fyrst i små grupper, oppsummering i plenum:

  • Kva er norskfaget si særskilte rolle for å setje elevane i stand til å møte alle desse ulike typar tekstar, både i og utanfor skulen?
  • Mange lærebøker legg opp til ei undervisning knytta til reklame og teikneseriar når ein skal undervise om samansette tekstar. Ser de andre tekstar, faglege problemstillingar eller tema som er relevante for å utvikle elevane si forståing av samansette tekstar?
  • Kva bør ein tenke på når elevane skal skape eigne samansette tekstar?

Les gjerne i læreplanen medan de diskuterer.