Fagfilm: "Samansette tekstar"

I denne fagfilmen forklarer førsteamanuensis Arne Olav Nygard ved Lesesenteret, korleis samansette tekstar kan vere eit perspektiv på alle typar tekst. A sjå på ein tekst som samansett kan opne opp for å sjå på tekstar frå fleire sider og kanskje slik få ei rikare forståing av kva det er i ein tekst som skapar meining, på tvers av både sjangrar og medium.

Medan de ser filmen, tenk over korleis ei forståing av all tekst som samansett kan overførast til klasserommet.