Oppgåve til neste gong: Å ha fokus på metodikk

Språkplakaten presenterer nokre gode råd når det gjeld språkarbeid på ungdomstrinnet.

Gå gjennom punkta på plakaten I fellesskap, og vurderer om dette er råd de kan ta utgangspunkt i og bruke til vidare arbeid på skolen hos dykk. Plukk ut eit eller fleire av tiltaka i språkplakaten, og bestemm dykk for kva de vil satse vidare på og prøve ut i klasserommet og på skolen hos dykk.

Planlegg korleis de kan få til ei praktisk gjennomføring av dette/desse punkta de har valt.  

Bruk gjerne IGP:  Først individuelt 2 min der ein skriv ned stikkord, deretter gruppediskusjon der alle deler stikkorda sine, til slutt plenum (alt etter kor mange de er). De bør oppsummere diskusjonen og bli samde om nokre få, heilt konkrete tiltak som de vil gjennomføre i klasserommet før neste økt. 

Image
Plakat til "Snakk saman om språk"

Erfaringsdeling:

Avtalt eit tidspunkt for når tiltaka skal vere gjennomførte i klasserommet. Del erfaringar med det arbeidet de har gjort sidan sist.  

  • Kva har fungert godt?
  • Korleis vil de halde fram med arbeidet i tida som kjem?