Aktivering av forkunnskapar: Å ha fokus på metodikk

Korleis er stoda på skolen hos dykk?

Individuelt: Skriv ned nokre stikkord til spørsmåla under.

  • Korleis legg du opp sidemålsopplæringa di? Kva fungerer bra?
  • På kva område ser du moglegheiter for endringar eller utvikling?
  • Korleis fungerer samarbeidet når det gjeld sidemålsopplæringa på skolen hos dykk? Kva er det de gjer i fellesskap?

I små grupper: Del stikkorda i gruppa, ein og ein. Har de nokre felles erfaringar?