Diskusjon: Å ha fokus på metodikk

Diskuter i små grupper, oppsummer i plenum:

  1. Finn fram dei kompetansemåla i læreplanen som seier noko om nynorsk og bokmål, sidemål og hovudmål. Diskuter kva desse læreplanmåla har å seie i praksis. Korleis kan de legge opp ei undervisning som fører til at elevane kan oppnå måla i læreplanen om å kunne meistre både nynorsk og bokmål? (Lenke til læreplanen.)

  2. «Variasjon og kvantitet er to vesentlege stikkord», seier Hjalmar Eiksund. Korleis kan de få dette til i praksis?

  3. Eiksund seier også at det ikkje må vere opp til den einskilde læraren om elevane blir gode i sidemål. Korleis kan skolen som heilskap få eit godt system, god variasjon og ein god progresjon på sidemålsopplæringa?