Det nynorske tekstmangfaldet: Refleksjonssamtale

Personen i filmen Ein nynorsk dag blir eksponert for nynorsk gjennom heile dagen. Slik er det ikkje i røynda.

Elevane med nynorsk som hovudmål møter lite nynorsk utanom skulen.

Diskuter:

  • Kva nynorske tekstar trur de elevane les utanom lærebøker?
  • Kvifor er det viktig at tekstane elevane les i skulen, er på nynorsk?

Del:

  • Gode nynorske fagkjelder, nettstader og læringsressursar som de nyttar i undervisninga.