Motivasjon og identitet: Refleksjonssamtale (2)

I filmen såg vi på tre ulike tiltak som kan hjelpe elevane til å verdsetje skriftspråket sitt og språkkompetansen dei har.

  • Snakke om språket
  • Gje elevane aktuelle, nynorske tekstar
  • Skape meiningsfulle skrivesituasjonar

I dette øktelementet skal de først skrive ned nokre tankar individuelt.

  1. Alle får kvart sitt skjema (sjå under Ressurser lenger ned på sida) der de kan fylle inn kva for nokre av desse tre tiltaka som er aktuelle for dykkar fag. Deretter skriv de døme på kva de kan gjere i dei faga de underviser i.
  2. Set ring rundt to moment frå skjemaet som du vil dele med sidemannen. Del dette med sidemannen
  3. Del i plenum (felles diskusjon)