Motivasjon og identitet: Oppdrag

Ta utgangspunkt i skjemaet du noterte i under førre øktelement.

Vel eit moment frå skjemaet du vil prøve ut saman med klassa i eitt av dine fag.

Alternativt oppdrag (for ein lærar i kvar klasse):

Språkbiografi

La elevane skrive språkbiografien sin. Snakkar dei ei dialekt som dei alltid har snakka, eller har dei endra talemålet sitt? Korleis snakkar foreldra og besteforeldra deira? Kor mange språk kan dei sjølv, både munnleg og skriftleg? I kva samanhengar bruker dei dialekt (både munnleg og skriftleg), og i kva samanhengar bruker dei eit av skriftspråka?

Det er eit å poeng å få fram at elevane kan mykje om språk allereie. Språket er i stadig endring, og mangfaldet og den store variasjonen er ein ressurs ein kan trekke inn i det vidare arbeidet. Denne språkbiografien kan hengast opp i klasserommet, eller elevane kan dele munnleg med kvarandre.

 

Litteratur:

Budal, I. B. (2015). “Vil du ha unbrakonøkkelen min? IKEA, Dewey og verdiaukande haldningsendringar. . I H. Eiksund og J. O. Fretland (Red.), Nye røyster i nynorskforskinga (ss. 92-103). Oslo: Samlaget.

Eiksund, H. (2014). Eit fleirtalsspråk med mindretalsfordelar? : tospråkleg literacy på norsk. I E. Brunstad, A.-K. H. Gujord og E. Bugge (Red.), Rom for språk. Nye innsikter i språkleg mangfald (ss. 235-249). Oslo: Novus, 2014.

Eiksund, H. (2015). Mellom borken og veden : ungdom på jakt etter ein nynorsk identitet. I H. Eiksund og J. O. Fretland (Red.), Nye røyster i nynorskforskinga (ss. 36-47). Oslo: Samlaget.

Fretland, J. O. og A. Søyland. (2013). Rett og godt. Handbok i nynorskundervisning. Oslo: Samlaget.

Myklebust, H. (2015). «Nynorsk er jo heilt konge då, men […]» Identitetshandlingar i argumenterande tekstar på vidaregåande skule. I H. Eiksund og J. O. Fretland (Red.), Nye røyster i nynorskforskinga (s. 62-76). Oslo: Samlaget.

Nordal, A. L. S. (2011). Nynorsk som hovudmål. I B. K. Jansson og S. Skjong (Red.), Norsk = nynorsk og bokmål (s. 109-135). Oslo: Samlaget.

Utdanningsdirektoratet (2017). Overordnet del av læreplanverket. Henta frå: https://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/overordnet-del/ (lesedato 22.05.2019)

Øzerk, K., J. Todal og K. Garthus. (2010). Rapport om språkskifte i Valdres og Sogn og Fjordane. Noregs Mållag.