Praksiseksempel: Å arbeid med nynorsk litteratur som utgangspunkt for skriving

Ein kan arbeide med litteratur på ulike måtar i klasserommet. Her skal de studere eit framlegg om korleis ein kan bruke eit utdrag frå romanen Inn i elden (2012) av Aina Basso, saman med ei skriveramme for å skrive ein kreativ tekst.

Inn i elden (2012)  handlar om to unge jenter frå kvar sitt land, frå kvar sin sosiale klasse og med to ulike liv. Likevel møtest dei under dramatiske omstende. Handlinga i romanen er lagt til 1621, midt i tida for hekseprosessane.

 

Studer praksiseksempelet og diskuter: 

  • Kva støtte gir opplegget til elevane for at dei skal lukkast med kreativ skriving?