Lesing av skjønnlitteratur: Oppgåve

Dette er omgrep som skildrar den aktive leseprosessen. I praksis er det vanskeleg å skille dei frå kvarandre, for når me les skjer dette meir eller mindre samtidig. Omgrepa gir fagleg innsikt til læraren. Elevane treng ikkje kunne omgrepa, men dei treng ofte hjelp til å aktivere tankeprosessane som omgrepa skildrar. Det er altså læraren si oppgåve å legge til rette for leseaktivitetar som set slike tankeprosessar i gang hos elevane.

 

  1. Finn fram dei gule post it-lappane frå førre økt og legg dei utover bordet. Vel etter tur ein lapp frå bordet. Diskuter på kva måte fagspesifikk lesing vert aktivert i den aktiviteten som står på lappen.

  2. Finn læreverket de brukar i norsk. Legg læreverket opp til at elevane skal lesa litterære tekstar på ein fagspesifikk måte, dvs. å tolke, fylle tomrom, danne hypotesar, stille spørsmål eller lese med fordobling? I tilfelle, korleis kjem det til uttrykk i læreverket?