Litteraturen som språkleg døropnar: Oppdrag

Førebu høgtlesingsøkt.

Lærarane skal lese minst ei sjølvvald nynorsk bok høgt i klassen som mellomarbeid, og elevane skal lese minst ei på eiga hand.

Det er eit mål at læraren etablerer ein praksis i klassen der elevane held fram med å samleord til ”mi eiga ordliste” i ulike samanhengar. Snakk saman om tekstane og om ord somelevane kommenterer.

Bruk plakaten når du førebur leseøkta.

Noter undervegs og ta med notatet til refleksjonsrunden i neste økt.

Lærarane bør sørge for at det finst nyare nynorsk litteratur i klasserommet og på skulebiblioteket. Om utvalet er mangelfullt kan ein kontakte folkebiblioteket og spørje om dei kan setje saman ei kasse med nynorske bøker for mellomsteget. Ver bevisst på å stimulere elevane til å velje dei nynorske bøkene.