Eit tydeleg sidemål for grunnskulen

Les artikkelen:

Språklæring tek tid – ofte fleire år. Læreplanen tydeleggjer korleis ein skal undervise i sidemål tidleg, og tek dermed på alvor at opplæringa i både bokmål og nynorsk er læring av to nære, men likevel ulike skriftspråk.

Eit tydeleg sidemål for grunnskulen

Tekst: Hjalmar Eiksund. Illustrasjon: Stig Bruksås

Norskfaget er stort og femner breitt. Kompetansemåla i norskfaget gjeld for både hovudmål og sidemål, men det som ikkje blir nemnt spesielt, blir fort gløymt. For mange er det derfor klargjerande med spesifiserande kompetansemål for sidemål.

Tretrinnsraketten på barnetrinnet

Image
Illustrasjon av ei tretrinnsrakett

Introduksjonen tek til tidleg. Ifølgje læreplanen skal elevane:

  • bli lesne for på både bokmål og nynorsk dei to første skuleåra
  • lese sjølve på sidemål, men også utforske forskjellar i skriving mellom hovudmål og sidemål i tredje og fjerde klasse
  • prøve ut skriving av eigne sidemålstekstar i løpet av dei tre siste åra av barneskulen

Nynorsk bygger på dialektane. Mange har derfor brukt skriving på det lokale talemålet som ein introduksjon til nynorsk – både som hovudmål og sidemål. Erfaringar syner derimot at det kan verke forvirrande å prøve ut tekstar på eige talespråk samstundes som ein trener på skilnaden mellom bokmål og nynorsk. På barnetrinnet skil derfor læreplanen mellom å utforske eget talespråk og samtale om forskjeller og likheter mellom talespråk og skriftspråk allereie frå første årstrinn. På denne måten kan elevane bli merksame på at skriftspråk og talespråk er ulike storleikar, der noko er likt og noko ulikt. 

Ei språkleg «månelanding»?

Som kompetansemåla frå barnetrinnet viser, skal altså elevane ha utforska skriving på begge målformene i god tid før dei tek til på ungdomsskulen. Kompetansemåla etter tiande trinn sidestiller skriving på hovudmål og sidemål, men dette målet føreset mange år med skriving på både bokmål og nynorsk frå tidleg på barnetrinnet.

Det her stemmer dårleg med røynslene mange norsklærarar har frå eigen praksis, der dei opplever at det er så som så med sidemålskompetansen om hausten på åttande trinn. For somme verkar også jamstilt kompetanse i begge målformene etter tiande trinn like fjernt som ei månelanding.

Men læreplanen er klar, og skular Nynorsksenteret samarbeider med, har råd om korleis:

Skriv mykje

Det er gjennom skriving ein best lærer å meistre skriftleg sidemål. Då må ein ta eigne val om alt frå omgrepsbruk til rettskriving. Ein blir tvungen til å skilje mellom eigne talemålsvariantar og skriftspråk, og set i tillegg si eiga stemme på skriftspråket.

Kontrastiv undervisning

Ein annan måte er stadig å samanlikne målformene. Dette kan gjerast uavhengig av tema elles i norskfaget.

  • Korleis skriv ein dette på nynorsk?
  • Finst det ein annan måte å formulere dette på bokmål?

På den måten får elevane tidleg erfare at same innhald kan uttrykkast ulikt, og dei kan opparbeide eit metaperspektiv på eiga skriving. Røynslene til Nynorsksenteret viser at elevar blir betre i begge målformene av å tenke i språklege kontrastar.

Samarbeid med andre fag

Læreplanen skisserer mange teksttypar ein skal øve på. Samarbeid med andre fag må ligge der som ein premiss, dersom ein skal få tid til alt. Både faglærar og norsklærar kan dra nytte av slike samarbeid – utan vesentleg meirarbeid.

Mindre press på ungdomsskulen

Språklæring tek tid. Det er ikkje nok å lese eit skriftspråk for å meistre å skrive det same språket. Læreplanen fordeler ansvaret for skriftleg sidemålsopplæring mellom barne- og ungdomsskulen. Når sidemålsundervisninga tek til tidleg på barnetrinnet, vil sidemålspresset på ungdomsskulelæraren bli redusert. Skal ein lykkast med det, må vi som lærarar tematisere språket tidleg, allereie dei første åra på barnetrinnet. Det legg læreplanen godt til rette for.

 

Hovudmål og sidemål
Læreplanen skil mellom «bokmål» og «nynorsk» når elevane les, og «hovudmål» og «sidemål» når elevane skriv tekstar sjølve.