Prøv ut i praksis: Å arbeide med tekst og lesing

Samarbeid i grupper som er hensiktmessige for undervisninga dykkar: Finn ein tekst de skal nytte i undervisninga i nær framtid, og planlegg nøye korleis de kan støtte elevane i møtet med denne teksten. Tenk over kva som kan vere utfordrande for elevane ut frå teksten sin struktur og ulike meiningsberande ressursar i teksten.

 

Erfaringsutveksling: 

Avtal når de skal møtast for å dele erfaringar frå undervisningsopplegget. Spørsmåla under kan vere utgangspunkt for erfaringsutvekslinga:   

  • Del teksten frå opplegget og forklar kva for støtte de meinte elevane ville trenge i møte med teksten. 
  • Korleis opplevde de elevane sitt møte med teksten? 
  • Kva vil de gjere annleis neste gong?