Leseprosessen: Oppgåve

Deltakarane får utdelt foldaren «Leseplanleggjaren» og gjer seg kjent med han.

Foldaren finn du under "Nedlastninger". Der finn du også ein blank utgåve til bruk i eiga undervisningsplanlegging. 

Om å aktivere eller skape forkunnskap:

Individuelt: Kva framgangsmåter nyttar du når du arbeider med elevane sine forkunnskapar? Gi døme. Tenkeskriv i 2 minutt. Det vil seie at du skal la tankane få fritt spelerom og skrive så mykje som mogleg på 2 minutt, utan å tenkje på rettskriving eller korleis du formulerer deg.  

Par: Del forslaga dine med sidemann. (3 minutt)             

Plenum: Summer f.eks forslaga på flipover.