Helse og oppvekstfag: Oppgåve (2)

Arbeid i grupper: I filmen de nettopp har sett kom det fram fleire synspunkt om lesing, læring og om motivasjonen til elevane. Ta for dykk nokre av desse formuleringane og diskuter i kva grad de er samde i dei.

a. “Alle elevar har lyst til å lære, det er eg sikker på, men dei har gjerne ikkje lyst til å leggje ned tilstrekkeleg tid og arbeidsinnsats i læringsarbeidet”

b. “For elevane, og oss sjølve og for så vidt, er det å utvikle lesing som grunnleggande ferdigheit noko vi må jobbe med heile tida. Vi blir aldri ferdige med å lære å lese!”

c. “Å vere leselærar i HO er det du som programfaglærar som kan best.”

d. “Førelesingar kan sjølvsagt vere ein god måte å lære på når ein nyttar dei på ein god måte, men vi kan ikkje la elevane sleppe å lese.”

e. “Lesing i HO har to føremål: å skaffe seg kompetanse både fagleg og i form av å formidle.”