Nynorsk rettskriving: Refleksjonssamtale

I denne filmen har de sett fem feiltypekategoriar, som er vanlege i nynorske elevtekstar.

Desse er:

  1. Bokmålssamanfall i ord
  2. Verbbøying: Svak bøying på sterke verb
  3. Verbbøying:
      a) e-ending på a-verb
      b) a-ending på e-verb
  4. Substantivbøying
      a) Hokjønn for hankjønn
      b) Ending i inkjekjønn ubunden form fleirtal
  5. Dialektsamanfall

Er de samde i at dette er typiske feiltypekategoriar hos elevane ved dykkar skule, eller har de andre erfaringar?

Jobb først 2 minutt individuelt med spørsmåla. Noter ned stikkord.

Samtal i 8 minutt om refleksjonane de gjorde kvar for dykk.