Diskusjon: Skulebiblioteket som pedagogisk ressurs

Diskuter i grupper på 3 – 4 personar.

  1. Del etter tur kva de la merke til frå filmen. Utdjup kva de oppfatta er viktige føresetnader for at biblioteket skal fungere som ein integrert del av det pedagogiske arbeidet.

  2. Diskuter på kva måte bibliotek på skulen er i aktiv bruk? Den som leier økta opprettar ei felles oppslagstavle i padlet. Kvar gruppe noterer ned i padlet kva som fungerer bra og kva de saknar.

 

(Padlet er ei interaktiv oppslagstavle der alle med tilgang til lenka kan skrive. Kvar gruppe går inn på lenka og denne sida vert då skulen sitt felles dokument i arbeidet med pakken.)