Lesing og lesemotivasjon i helse- og oppvekstfag: Bruk av pakka

Her er informasjon om «Lesing og lesemotivasjon i helse- og oppvekstfag» til deg/de som skal leie arbeidet. Du vil finne ein oversikt over innhaldet i pakken og viktig informasjon om gjennomføringa av dei ulike fagsamlingane. 

Fagpersonar og fagmiljø som har utvikla innhaldet: 

Denne ressursen er laga av Edit Marie Asperanden og Ingeborg Margrete Berge ved Lesesenteret, Universitetet i Stavanger. Linn Maria Magerøy-Grande ved Skrivesenteret NTNU har laga økt 8 - «Å gje gode skrivebestillingar i helse og oppvekst».    

Førebuing: 

Det er viktig at du/de som skal leie arbeidet på skolen bruker tid på å bli kjent med innhaldet og organiseringa på førehand. Det vil da vere lettare å styre tida og organisere gruppearbeid, diskusjonar og erfaringsdeling. Sjå informasjon under om kva som bør vere gjort klart før de møtest.  

 

Målgruppe:  

«Lesing og lesemotivasjon i helse- og oppvekstfag» vil passe for lærarar som underviser i helse- og oppvekstfag, men ressursen vil og kunne ha overføringsverdi til andre fag.  

 

Organisering: 

Pakken består av i alt 8 økter der 2 av øktene er satt av for å gje ekstra tid til at lærarane kan dele erfaringar med utprøvingar i praksis. I øktene vil ein veksle mellom å sjå fagfilmar og diskutere problemstillingar som vert reist her. Det er viktig å sette av nok tid til samtale mellom deltakarane, og å tenke gjennom inndeling i grupper på førehand. Han/ho som leiar arbeidet bør vurdere om deltakarane skal sjå nokre av filmane på førehand. Deltakarane bør ha med seg eigen pc til samlingane.  

 

Informasjon om gjennomføring av dei ulike øktene: 

 Økt 1 – Introduksjon 

Denne økta presenterer nokre problemstillingar knytt til elevane sin motivasjon for å lese faglitteratur i programområdet sitt. Filmen «Lesemotivasjon» står sentralt i arbeidet og lærarane skal etterpå diskutere synspunkt som kjem fram om lesing, læring og lesemotivasjon. Filmen «Å lese en fagtekst» er utgangspunktet for ei individuell refleksjonsoppgåve til neste samling.  

Økt 2 - Leseprosessen 

Økta presenterer «Leseplanleggjaren», eit verktøy læraren kan nytte i planlegginga av undervisning der elevane si lesing av fagtekst står sentralt. Den som leiar økta bør på førehand ha skrive ut «Leseplanleggjaren» i fargar til utdeling. Ei av oppgåvene er planlagt som IGP-arbeid der deltakarane først arbeider aleine, så i par og deretter i plenum. I denne økta kan den som leiar arbeidet oppsummere i plenum med å bruke ein flip-over, tavle eller felles skjerm.   

Økt 3 – Erfaringsdeling 

Heile denne økta er sett av til erfaringsdeling i form av «Pedagogisk loppemarked». Vi føreslår å dela deltakarane inn i grupper på 3 eller 4. Kvar gruppe får ein plakat med fire kategoriar; «spesialavfall», «skryteliste», «idehjørne», «det gløymte bakrommet». Gruppa treng post-it-lappar og ein stor loppemarknadplakat til felles oppsummering. Sjå elles forklaringa som ligg i økt 3.  

Image
Eksempel på plakat

 

Økt 4 – Å arbeide med ord er å arbeide med fag 

Økta vil i hovudsak dreia seg om kvifor det er viktig å arbeide med ord og omgrep i helse og oppvekst og korleis ein kan arbeida på varierte måtar for å utvikle elevane sitt vokabular. I den første oppgåva skal lærarane arbeida med ein tekst. Det ligg lenke til teksten i øktelementet, men det kan vere praktisk å ha kopi av teksten til utdeling. Dette vert presentert gjennom to filmar. Her legg ein og opp til deling av metodar i ei «verktøykasse» og at denne vert publisert på ei felles digital plattform.  

Økt 5 – Å gje gode lesebestillingar 

I denne økta vil filmane «Å gje gode lesebestillingar 1 og 2» forklare korleis ei lesebestilling kan målrette lesinga for eleven og gje døme på måtar ein kan gjere dette på.   

Økt 6 – Erfaringsdeling 

Her er det sett av tid til erfaringsdeling i grupper. Alle skal kunne legge fram det dei har gjort av utprøvingar av i klasserommet.  

Økt 7 – Etterlesingsfasa 

Økta ser nærmare på den viktige etterlesingsfasa der elevane på ulike måtar kan arbeide med det dei har lest. Her blir det og vist til praktiske metodar som «bobla», «møtast på midten» og «karusellen» som læraren kan gjere nytte av.  

Økt 8 – Å gje gode skrivebestillingar 

Denne økta ser nærmare på korleis lærarar i helse og oppvekst kan utforme gode skriveoppgåver til elevane som vil hjelpe dei til å forstå kva som er forventa av dei. Skrivetrekanten er eit didaktisk verktøy som kan støtte læraren i utforminga av meiningsfulle skriveoppgåver.  

 

Forankring i læreplanverket: 

Overordna del, verdiar og prinsipp for grunnopplæringa, 2.3 Grunnleggande ferdigheiter: https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/prinsipper-for-laring-utvikling-og-danning/grunnleggende-ferdigheter/ 

Grunnleggjande ferdigheiter i læreplan for vg1 helse- og oppvekstfag (HSF0103): https://www.udir.no/lk20/hsf01-03/om-faget/grunnleggende-ferdigheter 

 

Kopling til andre ressursar i Språkløyper: 

Når ein er ferdig med «Lesing og lesemotivasjon i helse- og oppvekstfag» kan ein for eksempel gå vidare til “God leseopplæring” og “God skriveopplæring” som gir støtte til vidare arbeid med lesing og skriving i alle fag. 

 

Generelle tips knytt til arbeid med Språkløyper: 

Arbeidet med Språkløyper bør vere forankra i lokale planar der fagsamlingane er datofesta. Tida som er oppgitt til kvart øktelement er veiledande, og du som leier arbeidet kan gjere lokale tilpassingar og utval. Når det er lagt opp til samtaler i grupper anbefaler vi mellom 3 og 5 deltakarar i gruppa. Dei fleste øktene munnar ut i oppgåver eller forslag til utprøvingar i eigen praksis, og det er viktig at det er nok tid til å gjennomføre desse. Vi anbefaler derfor om lag ei økt i månaden. Vurder korleis oppgåvene kan tilpassast den lokale konteksten på ein god måte, kva periode opplegget skal planleggast og gjennomførast, og avtal når erfaringsdelinga skal skje. Før ein går i gang med nytt fagstoff i ei ny økt er det viktig at lærarane får tid til å reflektere over og dele erfaringar frå arbeidet som har blitt gjort i mellomtida. På nokre skolar vil det passe best å legge denne erfaringsdelinga i forkant av ei ny økt, andre stader er det mest hensiktsmessig at gruppene som samarbeider bestemmer når delinga skal føregå. Det bør settast av om lag 60 minutt til gjennomgang av kvar økt. 

Vi ser det som svært viktig at det blir sett av nok tid til å gjennomføre refleksjonsoppgåvene og oppdraget. Vi lærer ved å prøve ut, samtale, tenke, drøfte og reflektere. I Språkløyper ønsker vi å skape rom for refleksjon gjennom faglege diskusjonar rundt eigen og andres praksis. Det handlar om å øve opp eit analytisk blikk, der ein spør kvarandre «kva gjer vi, og kvifor gjer vi det?». 

Nokre av ressursane i Språkløyper passar å bruke felles i samla personale, andre passar for utvalde grupper av lærarar. Arbeidet kan gjerne organiserast i form av faste grupper som samarbeider over tid. Desse kan organiserast ut frå trinn eller fag, men det kan også vere fruktbart for utviklingsprosessane å sette saman nye grupper på tvers av allereie eksisterande samarbeidsgrupper.

Det faglege innhaldet i pakka bygger på erfaringane Lesesenteret og Skrivesenteret har gjort gjennom sitt arbeid i FYR-prosjektet 2011-2016.