Bruk av pakken: Å støtta elevane si skriving

Målgruppa for denne pakken er lærarar som arbeider på 3. til og med 7. trinn i ulike fag. Målet med kompetansehevingspakken er å få til ein grundig diskusjon om korleis ein kan støtta elevane si skriving i fag og å prøva ut ulike måtar å gjera det på. Pakkane er difor ei blanding av fagfilmar, konkrete eksempel og moglegheiter for refleksjon og diskusjonar.

Kompetanseutviklingspakken er delt inn i 4 økter, og det er ønskjeleg at ein tek øktene i rekkefølgje. Kompetanseutviklinga blir best om ein gjennomfører konkrete undervisningsopplegg i eiga klasse. Av den grunn avsluttar økt 2, 3 og 4 med oppdrag til utprøving og erfaringsdelings som krev at ein har omsett noko av det faglege innhaldet til eigen praksis og at ein deler desse erfaringane med kollegaer i eigne mellomøkter. Det er også mogleg å prøve ut oppdraga fleire gongar og ha fleire slike erfaringsdelingsøkter enn det denne pakken legg opp til.

 

Økt 1: Å byggja stillas rundt elevane si skriving

Målet med økta er å gi lærarane ei forståing for at skriveopplæring inneber ulike typar av støtte og denne må planleggjast av læraren. Økta klargjer omgrepet stillasbygging, både på makronivå og mikronivå, og viser konkrete eksempel på ulike typar av støtte.

 

Økt 2: Samtalar om språk som stillas

Målet er å skapa ei forståing av korleis samtalar om språk i tekstar kan vera verdifull skriveopplæring i ulike fag. Økta viser konkrete eksempel og inviterer til diskusjon.

 

Økt 3: Modelltekstar som stillas

Målet med økta er å gå djupare inn i kva det betyr å bruka modelltekstar i undervisninga. Økta viser konkrete eksempel frå naturfag og norsk.

 

Økt 4: Skriverammer som stillas

Målet med økta er å få kjennskap til skriverammer og diskutera fordelar og ulemper med desse. Økta inneheld konkrete eksempel på to ulike typar skriverammer: boksar og startsetningar.