Bruk av pakken: Skulebiblioteket som pedagogisk ressurs

Her er informasjon om “Skulebiblioteket som pedagogisk ressurs” til deg/de som skal leie arbeidet. Du vil finne ei oversikt over innhaldet i pakken og viktig informasjon om gjennomføring av dei ulike fagsamlingane.  

 

Fagpersonar og fagmiljø som har utvikla innhaldet i denne pakka: 

Denne pakken er laga av Marit Aasen, universitetslektor ved Lesesenteret, UIS og Siri Ingvaldsen seksjonssjef for kulturformidling i Vestland fylkeskommune. 

 

Førebuing: 

Det er viktig at du/de som skal leie arbeidet på skulen bruker tid til å bli kjent med innhaldet og organiseringa på førehand. Det vil då vere lettare å styre tida og organisere gruppearbeid, diskusjonar og erfaringsdeling. Sjå informasjon under om kva som bør vere gjort klart før de møtest, og sjå gjennom dei ulike elementa i økta de skal arbeide med. Merk spesielt om det er informasjon eller vedlegg som bør delast med lærarane i forkant, og kva oppgåve(r) som ligg i økta. 

 

Målgruppe:  

“Skulebiblioteket som pedagogisk ressurs” rettar seg mot alle lærarar som underviser i grunnskulen. 

 

Organisering: 

Pakken består av i alt 6 økter der kvar økt tar for seg ulike sider ved eit velfungerande skulebibliotek. I øktene vil ein veksle mellom presentasjon av fagleg innhald og ulike spørsmål og diskusjonar. Det er sentralt å setje av nok tid til samtale blant deltakarane, og å tenke gjennom inndeling i grupper på førehand.  

 

Informasjon om gjennomføring av dei ulike øktene: 

Økt 1 - Introduksjon 

Den første økta handlar om kva som kjenneteiknar eit godt skulebibliotek, og kva som skal til for at det skal fungere som pedagogisk ressurs. 

 

Dette bør lærarane få beskjed om å ta med til samlinga:  

  • Digital eining som datamaskin eller nettbrett. 

 

Følgjande dokument kan kopierast opp før økta:  

Følgjande digitale ressursar skal brukast i økta: 

 

Økt 2 – Erfaringsdeling og vegen vidare 

Den andre økta skal de drøfte utfordringar og konkrete tiltak for å utvikle skulens bibliotek. 

 

Dette bør lærarane få beskjed om å ta med til samlinga:  

  • Digital eining som datamaskin eller nettbrett. 
  • Loggar frå utprøvingane i praksis. 
  • Ein i leiinga må få i oppgåve å legge fram det som kom fram i Padlet.com i førre samling. 

 

Følgjande digitale ressursar skal brukast i økta: 

 

Økt 3 – Lesestimulering og litteraturformidling 

Den tredje økta handlar om korleis skulebiblioteket kan vere ein ressurs i arbeid med lesestimulering og litteraturformidling. 

 

Dette bør lærarane få beskjed om å ta med til samlinga:  

  • Digital eining som datamaskin eller nettbrett. 

 

Følgjande dokument kan kopierast opp før økta:  

 

Økt 4 – Samarbeid mellom folkebibliotekar, skulebibliotekar, lærarar og skulen si leiing 

Den fjerde økta handlar å etabler eit godt samarbeid med folkebiblioteket. 

 

Dette bør lærarane få beskjed om å ta med til samlinga:  

  • Digital eining som datamaskin eller nettbrett. 

 

Følgjande dokument kan kopierast opp før økta:  

 

Økt 5 – Informasjonskompetanse  

Den femte økta handlar om korleis skulebiblioteket kan vere ein ressurs i arbeid med å utvikle elevanes informasjonskompetanse. 

 

Dette bør lærarane få beskjed om å ta med til samlinga:  

  • Digital eining som datamaskin eller nettbrett. 

 

Følgjande digitale ressursar kan nyttast i økta: 

 

Økt 6 – Oppsummering og vegen vidare  

Den sjette og siste økta handlar om å dele erfaringar med undervisning i informasjonskompetanse, vurderer utviklinga av skulens bibliotek så langt, og å legg planar for vegen vidare. 

 

Dette bør lærarane få beskjed om å ta med til samlinga:  

  • Digital eining som datamaskin eller nettbrett. 
  • Førebu seg på å presentere undervisningsopplegget i informasjonskompetanse  som dei prøvde ut i praksis 

 

Generelle tips knytta til arbeid med Språkløyper: 

Arbeidet med Språkløyper bør vere forankra i lokale planar der fagsamlingane er datofesta. Tida som er oppgitt til kvart øktelement er rettleiande, og du som leier arbeidet kan gjere lokale tilpassingar og utval. Når det er lagt opp til samtaler i grupper anbefaler vi mellom 3 og 5 deltakarar i gruppa. 

Dei fleste øktene munnar ut i oppgåver eller forslag til utprøvingar i eigen praksis, og det er viktig at det er nok tid til å gjennomføre desse. Vi anbefaler difor om lag ei økt i månaden. Vurder korleis oppgåvene kan tilpassast den lokale konteksten på ein god måte, kva periode opplegget skal planleggjast og gjennomførast. Før ein går i gang med nytt fagstoff i ei ny økt er det viktig at lærarane får tid til å reflektere over og dele erfaringar frå arbeidet som har blitt gjort i mellomtida. På nokre skular vil det passe best å leggje denne erfaringsdelinga i forkant av ei ny økt, andre stader er det mest hensiktsmessig at gruppene som samarbeider bestemmer når delinga skal føregå. Det bør setjast av om lag 60 minutt til gjennomgang av ei ny økt. 

Vi ser det som svært viktig at det vert sett av nok tid til å gjennomføre refleksjonsoppgåvene og oppdraget. Vi lærer ved å prøve ut, samtale, tenke, drøfte og reflektere. I Språkløyper ønsker vi å skape rom for refleksjon gjennom faglege diskusjonar rundt eigen og andre sin praksis. Det handlar om å øve opp eit analytisk blikk, der ein spør kvarandre «kva gjer vi, og kvifor gjer vi det?». 

Nokre pakker i Språkløyper passar å bruke felles i samla personale, andre passar for utvalde grupper av lærarar. Arbeidet kan gjerne organiserast i form av faste grupper som samarbeider over tid. Desse kan organiserast ut frå trinn eller fag, men det kan også vere fruktbart for utviklingsprosessane å sette saman nye grupper på tvers av allereie eksisterande samarbeidsgrupper.