Bruk av pakka “Utforsking av skjønnlitterære tekstar i norskfaget”

Her er informasjon om “Utforsking av skjønnlitterære tekstar i norskfaget” til deg/de som skal leie arbeidet. Du vil finne ein oversikt over innhaldet i pakken og viktig informasjon om gjennomføring av dei ulike fagsamlingane.  

 

Forberedelse:

Det er viktig at du/dykk som skal leie arbeidet på skolen bruker tid til å bli kjent med innhaldet og organiseringa på førehand. Det vil da vere lettare å styre tida og organisere gruppearbeid, diskusjonar og erfaringsdeling. Sjå meir informasjon om dei enkelte øktene i oversikta nedanfor. 

 

Målgruppe:  

“Utforsking av skjønnlitterære tekstar i norskfaget” er retta mot alle lærarar som underviser i norsk på 3. til 7. trinn. Det kan også være aktuelt for skolebibliotekar å delta. 

 

Organisering: 

Pakken består av i alt 6 økter. I øktene vil ein veksle mellom presentasjon av fagleg innhald og ulike spørsmål og diskusjonar. Det er sentralt å setje av nok tid til samtale blant deltakarane, og å tenke gjennom inndeling i grupper på forhånd.  

 

Informasjon om gjennomføring av dei ulike øktene: 

Økt 1 –  Kartlegging av arbeid med skjønnlitterære tekstar 

I denne første økta er det eit sentralt poeng å bli bevisst på korleis eiga litteraturundervisning er i dag. 

Dette bør lærarane få beskjed om å ta med: 

  • Skrivesaker 
  • Ta med Post-it lappar. Skal brukast i øktelement 2 «Kartlegging». 

Følgjande dokument må kopierast opp før økta: 

  • Vedlegg i øktelement 3 «Oppgåve»: «Elevsitat frå filmen»  

Økt 2 – Kva skjer når me les skjønnlitteratur? 

I den andre økta er det eit sentralt poeng å bli medviten om korleis eiga litteraturundervisning er i dag. 

Dette bør lærarane få beskjed om å ta med: 

  • Skrivesaker 
  • Notata frå førre oppdrag 
  • Post-it lappane frå førre økt 

Følgjande dokument må kopierast opp før økta: 

  • «Observasjonsskjema» - vedlegg i oppdraget 

Økt 3 – Erfaringsdeling og refleksjon over eigen praksis 

I den tredje økta blir det ikkje gitt nytt fagleg innhald. Her er målet å arbeide med dei erfaringane ein har gjort og å gå i djupna på teorien som er gitt i økta før. 

Dette bør lærarane få beskjed om å ta med: 

  • Ta med observasjonsnotata og elevloggane frå førre oppdrag. 
  • Skrivesaker 
  • Datamaskin 

Økt 4 – Litterære samtalar 

I den fjerde økta er fokuset på verdien av å la elevane snakke saman om det dei les. I denne økta skal også norsklærarane delta i ein litterær samtale om ein vedlagt tekst. 

Dette bør lærarane få beskjed om å ta med: 

  • Ta med notata frå førre oppdrag. 
  • Skrivesaker 

Følgjande dokument må kopierast opp før økta: 

  • Vedlagte skjønnlitterære teksten «Veslebror og Karlson» av Erna Osland. Teksten ligg som vedlegg i øktelement 3 «Oppgåve». 

Økt 5 – Ulike tilnærmingar til litteratur 

I den femte økta handlar det om tre ulike litteraturfaglege tilnærmingar til tekst. 

Dette bør lærarane få beskjed om å ta med: 

  • Notata frå førre oppdrag. 
  • Skrivesaker 

Følgjande dokument må kopierast opp før økta: 

  • Dei tre vedlegga i øktelement 8 «Oppgåve»: «Tredje innbytter», «Veiledning til å lage utforskende spørsmål til skjønnlitterære tekster», «Skjema for utforskende spørsmål». 

Økt 6 – Å utvikle seg som litterær lesar 

I den sjette og siste økta handlar om korleis ein kan utfordre elevane til å gå djupare inn i tekstene, slik at dei utviklar seg som litterære lesarar. 

Dette bør lærarane få beskjed om å ta med: 

  • Notata frå førre oppdrag. 
  • Skrivesaker 

Følgjande dokument må kopierast opp før økta: 

  • Vedlegg i øktelement 4. «Spørsmålsark: «Hvem sier hva og hvordan i teksten» 

 

Generelle tips knyta til arbeid med Språkløyper: 

Arbeidet med Språkløyper bør vere forankra i lokale planar der fagsamlingane er datofesta. Tida som er oppgitt til kvart øktelement er rettleiande, og du som leier arbeidet kan gjere lokale tilpassingar og utval. Når det er lagt opp til samtaler i grupper anbefaler vi mellom 3 og 5 deltakarar i gruppa. 

Dei fleste øktene munnar ut i oppgåver eller forslag til utprøvingar i eigen praksis, og det er viktig at det er nok tid til å gjennomføre desse. Vi anbefaler difor om lag ei økt i månaden. Vurder korleis oppgåvene kan tilpassast den lokale konteksten på ein god måte, kva periode opplegget skal planleggjast og gjennomførast, og avtal når erfaringsdelinga skal skje. Før ein går i gang med nytt fagstoff i ei ny økt er det viktig at lærarane får tid til å reflektere over og dele erfaringar frå arbeidet som har blitt gjort i mellomtida. På nokre skular vil det passe best å leggje denne erfaringsdelinga i forkant av ei ny økt, andre stader er det mest hensiktsmessig at gruppene som samarbeider bestemmer når delinga skal føregå. Det bør setjast av om lag 60 minutt til gjennomgang av ei ny økt, og 30-60 minutt til samlingar for erfaringsdeling. 

Vi ser det som svært viktig at det vert sett av nok tid til å gjennomføre refleksjonsoppgåvene og oppdraget. Vi lærer ved å prøve ut, samtale, tenke, drøfte og reflektere. I Språkløyper ønsker vi å skape rom for refleksjon gjennom faglege diskusjonar rundt eigen og andre sin praksis. Det handlar om å øve opp eit analytisk blikk, der ein spør kvarandre «kva gjer vi, og kvifor gjer vi det?». 

Nokre pakker i Språkløyper passar å bruke felles i samla personale, andre passar for utvalde grupper av lærarar. Arbeidet kan gjerne organiserast i form av faste grupper som samarbeider over tid. Desse kan organiserast ut frå trinn eller fag, men det kan også vere fruktbart for utviklingsprosessane å sette saman nye grupper på tvers av allereie eksisterande samarbeidsgrupper. 

 

Fagpersonar og fagmiljø som har utvikla innhaldet i denne pakka: 

Denne pakka er laga av Marit Aasen, universitetslektor og Monica Gundersen Mitchell, førsteamanuensis ved Lesesenteret, UiS. Takk til Anne Håland, førsteamanuensis ved Lesesenteret som har bidratt med fagfilmen «Kva skjer når me lese skjønnlitteratur». Takk også til lærarar og elevar ved Madlavoll skole som delte sine erfaringar i inspirasjonsfilmen «Leseukene på Madlavoll skole» .